Elektro og datateknologi

Du som vel elektro og datateknologi vil lære å jobbe nøyaktig, sikkert og systematisk, og vere serviceorientert. Logisk tenkjemåte og kreativitet er også viktig, både for å kunne løyse konkrete oppgåver og for å utvikle nye produkt.

I utdanningsprogrammet for elektro og datateknologi er det to fagområde:

  • Elektroniske krinsar og nettverk
  • Energi og styringssystem

Utdanninga er variert og passar like godt både for gutar og jenter. Foruten teori er det mykje måleøvingar og praktisk arbeid. 
Det blir jobba mykje koblingar, montasje av kabel, brytarar, følarar, krinskort og motorar.

Elevar som jobbar med elektronik. Foto - Klikk for stort bildeElevar som jobbar med koblingar. Risør vidaregåande skule


Skulen tilbyr også Vg2 Elenergi og EKOM


Med EKOM meiner ein all form for elektronisk kommunikasjon og den infrastrukturen som må vere til stade for at kapasitetskrevjande tenester skal fungere.

Nettsida Vilbli.no har meir informasjon om programområde.

Til toppen