Studiespesialisering

Dette er eit treårig løp og fører fram til studiekompetanse. Kvart programområde består av fellesfag, felles programfag og valgfrie programfag. 

Utdanningsprogrammet for studiespesialisering omfattar programområda

  • realfag 
  • språk, samfunnsfag og økonomi
Elever bruker studiesenter til skolearbeid. Foto - Klikk for stort bildeElevar som sit i skulebiblioteket og jobbar med skulearbeid. Kristin Siewers

Vg1 studiespesialisering 

I Vg1 har elevar 30 timar per veke med fellesfaga norsk, engelsk, matematikk, naturfag, samfunnsfag, geografi, framandspråk og kroppsøving. Matematikk i Vg1 har to retningar: teoretisk og praktisk. Den teoretiske retninga er grunnlaget for matematikk i programområdet for realfag. Risør vidaregåaende skule tilbyr framandspråka italiensk, spansk, fransk og tysk. Kva for framandspråk ein kan tilby dei enkelte skuleåra vil variere. 

Vg2 og Vg3 studiespesialisering 

I Vg2 må du velja programområde. Ved Risør vidaregåande skule kan du velje realfag eller språk, samunnsfag og økonomi. Fagtilbodet kan variere noko frå år til år, men du vil alltid kunne få full fordjuping innan det valde programområdet. 

Nettside vilbli.no har meir informasjon om programområda.